(Vestnes Varfjell - Elnesvågen 2-4) Vestnes Varfjell utlikna to gongar ved Adrian Kosinski og Elling Olafsen, men gjestane var mest effektive då det heile skulle avgjerast. Dermed greidde heimelaget heller ikkje denne gongen å bikke ein jamspelt kamp i sin favør.
BILDEGALLERI NEDERST I SAKA
Høgdepunkt frå kampen:
Laga skifta på å ha initiativet i ein jamnspelt kamp i sommarvarmen i Vestnes idrettspark.
Varfjell yppa seg litt frå avspark. Svein Erik Lange Male heada utanfor på ein corner og Adrian Kosinski avslutta like utanfor etter gjennomspel frå Elling Olafsen.
Gjestane var ikkje like glade i å halde på ballen, men var dødleg effektive på framspel. Slik sto det 0-1 etter 23 minutt då Magnus Nygård var spelt fri, parkerte Varfjell-forsvaret og avslutta med skot forbi keeper.
Heimelaget utlikna like etter då Olafsen igjen fann Kosinski og frå fem meter sendte han ballen kontant i nettaket.
Så hadde Elnesvågen ein ball i tverrliggaren før Kosinski si avslutning vart stoppa av keeper ute ved stolpen. Laga sto likt ved pause,
Andre omgang starta verst muleg for heimelaget, og igjen var det Nygård som skapte problem for heimelagets forsvar. Spissen gjorde som i første omgang, men denne gongen heilt frå eigen banehalvdel. Ingen greide å stoppe han og det sto 1-2.
På ny måtte Varfjell dermed jakta bakfra. Svein Erik Lange Male var nær utlikning på direkten, men ballen traff stolpen.
2-2 vart likevel kriga inn sju minutt ut i omgangen. Først gjekk ballen i tverrliggaren før Elling Olafsen var sterkast i feltet og fekk sendt ballen i nota. Keeper ville ha frispark, men kampens gode dommar fann ingen grunn til å blåse.
Resten av omgangen vart prega av lite finspel og ei kjensle av neste skråning ville vere avgjerande. Dessverre kom den til gjestane, og igjen etter eit langt framspel der Sigurd Tornes Kjørsvik var først på ballen i duellen med keeper.etter 77 minutt. Då hadde Owen Connor varta opp med ei god redning nokre minutt før.
Heimelaget jakta utlikning nummer tre, men det vart berre nesten. Adrian Kosinski lobba utanfor og Amund Stavem tok eit frispark kjapt betre for å oppleve at keeper var med på notane.
På overtid vart det 2-4 etter skåring i ope mål då keeper var sendt fram på ein corner. Connor rakk vart verande i angrep lenge, men så fekk Elnesvågen kontroll på ein ball mange meinte hadde vore ute. Innbyttar Robin-Aleksander Lemke Bergseth heada over keeper Connor på veg tilbake til eige mål.
Igjen fekk ein unggutt sin debut på A-laget. Didrik Selnes Sæter fekk spele dei siste minutta som innbyttar. Knut Stian Eik måtte ut med skade tidleg i andre omgang og slutta seg til ei frå før lang skadeliste.
Neste kamp er borte mot Åndalsnes torsdag 15. juni kl 19.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Elnesvågen 2-3 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 9. juni 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, 105 tilskuarar
Mål:
0-1 (22) Magnus Nygård
1-1 (31) Adrian Konsinski
1-2 (47) Magnus Nygård
2-2 (52) Elling Olafsen
2-3 (77) Sigurd Tornes Kjørsvik
2-4 (90 + 4) Robin-Aleksander Lemke Bergseth
Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen. Assistentdommarar: Fredrik Røsberg, Rival og Harald Vebenstad, Averøykameratene
Gult kort: Rune Gudejord, Elnesvågen (62)
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor: Håkon Kjørvik (Dag Maier 80.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Svein Erik Lange Male - Eirik Leao Tomren, Amund Stavem (k), Leo Krogseth, Elling Olafsen (Didrik Selnes Sæter 83.), Lucas Våge (Juan Richard Larsen 46.) - Knut Stian Eik (Ørjan Tangen 62.), Adrian Kosinski
