Vestnes Varfjell styrte banespelet i store delar av kampen, men måtte dra heim utan poeng frå Eide fredag kveld. Heimelaget, som ville ha revansj for 1-6-tapet på Vestnes var effektive og skåra etter eit omdiskutert straffespark like før pause, før dei auka til 2-0 etter eit utspark frå keeper og så 3-0 etter eit langt innkast. Adrian Kosinski reduserte eit kvarter før slutt, men sluttspurten resulterte berre i skåring frå Knut Stian Eik annulert for offside, noko reprisen viser at det neppe var.

Vestnes Varfjell tok tak i kampen fra start og både Ørjan Tangen, Elling Olafsen og Adrian Kosinski hadde gode forsøk med hovudet etter innlegg eller corner. Magnus Nerheim var nærast då han skaut like over frå kloss hald etter 37 minutt, og like etter traff eit Amund Stavem-frispark stolpen frå langt hald.

Eide var ikkje ufarlege på kontringar og toppskårar Ruben Toven hadde hatt eit avslutning like utanfor via keeper Owen Connor, då han fekk straffe rett før pause. Dommar Terje Sorthe blåste ikkje først då Toven fekk avslutta rett på keeper, men assistentdommmaren meinte Amund Stavem felte Toven rett etter at han fekk avslutta. Idar Vangen Lysgård sendte heimelaget i føriga vil pause.

Eide kom sterkare etter kvilen og hadde nokre gode forsøk før kampen var effktivt agjort etter ein time. Toven forfulgte eit langt utspark frå keeper og lobba ballen over Owen Connor og i mål til 2-0. Like etter var Toven igjen frampå då han var først  på eit langt innkast  og heada i mål frå første stolpe.

Fleire bilde på Twitter.

Så blåste dommar for nytt straffespark til heimelaget, men denne gongen var det Vestnes Varfell som drog nytte av assistentdommaren og fekk tvilen på si side då Owen Connor var ute i feltet og rydda opp.

Vestnes Varfjell forsøkte seg på ein sluttspurt. Adrian Kosinski var sist på ballen etter litt fram og tilbake inne i Eide-feltet. Med kvarteret att å spele kunne det blitt ny spenning. Håvard Nybråten la inn til Knut Stian Eik som breisida ballen i mål like før slutt, men igjen var assistenten ikkje på bortelaget si side. Opptaket frå Rbnett viser vel at Nybråten var klart onside då han vart spelt igjennom. Dette er andre gong i år at Eik blir snytt for skåring, også mot Åndalsnes heime fekk han eit mål feilaktig annulert. Uansett vart det ikkje fleire mål og Varfjell måtte gå av banen etter eit surt tap.

Trenar Alexander Connor var naturleg nok skuffa etter kampen, som han oppsummerte slik til Rbnett:

Sjå høgdepunkt og reaksjonar etter kampen på Rbnett (krev abonnement)

- Me spelar ein glitrande førsteomgang, då finn me romma på midtbanen og vinn alt av andreballar. Dei skapar lite eller ingenting, samtidig som me ikkje får uttelling. Så kostar det å køyre kampar, og det blir vanskeleg for oss når dei skårar på tre dødballar - straffespark, utspark og innkast. Andre omgang er opnare, men eg synest me får dårleg betalt for førsteomgangen, sa han og la til:

-- Hadde det vore boksing så hadde me vunne for å bere kampen, men sånn er det ikkje. Kampen sett undet eitt er det dårleg betalt. I pausen sa eg at me berre skulle halde fram med det me var gode på: finne mellomrom, spelvending og å skape to mot ein-situasjonar på kant, sa Connor.

I Eide-leiren var både trenar og matchvinnar Toven glade for å få revansj etter 1-6-tapet på Vestnes, det Vestnes Varfjell var effektive. Toven  meinte straffen var klar, der han fekk avslutta, men Stavem fullførte taklinga og tok beinet hans samtidig.

Neste kamp for Vestnes Varfjell er heime mot Sunndal.

KAMPFAKTA

Eide og omegn - Vestnes Varfjell 3-1 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 23. september 2022 kl 19

Eide kunstgressbane, 120 tilskuarar

Mål:

1-0 (40) Idar Vangen Lysgård, straffespark

2-0 (61) Ruben Slutås Toven

3-0 (60) Slutås Toven

3-1 (75) Adrian Kosinski

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Amund Stavem (39), Vestnes Varfjell. Idar Lysgård, Eide (76)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Knut Stian Eik 67), Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Lars-Helge Lien 67) - Amund Stavem (Lucas Pedersen Våge 80), Oliver Connor Søreng (Magnus Nerheim 73), Vegar Skare - Håvard Haugli Nybråten, Elling Olafsen. Adrian Kosinski