Vestnes Varfjell avslutta sesongen med eit skuffande 1-5-tap borte mot Midsund laurdag. Amund Stavem reduserte på eit frispark rett i krysset frå 25 meter i andre omgang. Det var tydeleg at kampen var viktigast for heimelaget som sikra ny kontrakt med denne seieren.
- Synd å avslutte sesongen på denne måten, me får huske dei to siste seierane mot Surnadal og Dahle og sjå fram mot neste sesong, seier trenar Alexander Connor.
Han er litt skuffa over å ende på 8. plass og trur ein plass høgare på tabellen hadde vore oppnåleg om fleire kampar hadde bikka rett veg.
Vestnes Varfjell mangla ein del alernativ i bakre rekker og trenar Connor forsøkte seg med ei nykomponert trebacksrekke. Det fungerte ikkje. Connor, som sist vart hylla for taktikken då Surnadal var slått, innrømte etter kampen at han kanskje bomma litt denne gongen.
Heimelaget fekk nemleg til tider mykje fritt spelerom, men dei var også upresise og brente sjansane tidleg i kampen. Då hadde også Vestnes Varfjell sine sjansar, men skotforsøk frå Knut Stian Eik og Oliver Connor Søreng gjekk rett på keeper.
Midsund spelte direkte og satsa på det enkle på ei ujamn og hausttung grasmatte. Dei fekk betalt tre gongar før pause, to gongar etter innlegg og skåring på bakre stolpe, så etter ein keeper-retur.
I andre omgang fekk ein Midsund-spelar uforstyrra sette inn 4-0 oppe i keepers høgre hjørne før keeper vart runda og 5-0 kom etter skot i ope mål då timen var passert. Runar Stølen vart dagens mann for heimelaget med sitt hattrick.
Vestnes Varfjell skjerpa seg litt mot slutten, men fekk berre inn eit trøstemål. Det var likevel av den vakre sorten då Amund Stavem sendte eit frispark frå 25 meter rett i krysset.
SJÅ KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV
SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

KAMPFAKTA
Midsund - Vestnes Varfjell 5-1 (3-0)
Midsund stadion (gras), 120 tilskuarar
- Mål:
- Orten30
- Blø34
- Stølen44
- Stølen52
- Stølen62
Stavem 65
Dommar: Kurt Ansnes, Kvass/Ulvungen
Ingen kort
Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor: Håkon Kjørvik (Jarle Løvik Salte 46. (Juan Richard Larsen 71.)), Ørjan Tangen (k), Vegar Skare (Lucas Pedersen Våge 59.) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem, Oliver Connor Søreng (Dag Christian Maier 80.), Knut Stian Eik - Håvard Haugli Nybråten, Elling Olafsen, Adrian Kosinski
