Vestnes Varfjell besøkte hundreårsjubilanten Kristiansund FK måndag kveld, men var ikkje i det gåvmilde hjørnet og vann 3-2. - Me vann fortent etter ein solid laginnsats. Det var mange som var gode i dag, og leverte stor innsats og mange fine prestasjnar, seier trenar Alexander Connor. Vestnes Varfjell fekk to tidlege straffespark som Tore Akselsen sette inn. KFK reduserte på straffe før Amund Stavem heada inn 3-1 til pause. KFK reduserte ein gong på slutten, men Vestnes Varfjell vann 3-2 og tok tilbake tabelltoppen - med ein kamp meir spelt enn dei andre laga. Dette var nemleg ein framskoten kamp frå første haustrunde. Ronny Leikarnes sesongdebuterte. Den gamle storskåraren kom inn for sin arvtakar på spissplassen - Amund Stavem - like før slutt. 35 tilskuarar såg kampen på Gressbanen. Kamprapport finn du her