
Det første målet var det finaste. Backen Simen
Brennvik kom inn frå sida og sendte av garde eit skot/innlegg
som gjekk over keeper og i motsatt kryss. 2-1 kom då Tommy
drog seg fri og skaut frå 16 meter via stonga. Han brente
straffe på overtid etter at han sjølv vart felt etter
eit dribleraid. Også Jørgen Gravdehaug hadde eit skot
i stolpen.
- Tommy var best totalt sett, men Jørgen var god i
første omgang. Nirut og Bjørn-Vegard var gode i
forsvaret, oppsummerer oppmann Lars Jørgen Skjegstad. Han
meiner Bud/Elnesvågen 2 var eit godt lag som han trur vil ta
mange poeng utover.
Bud/Elnesvågen 2 om kampen: "Alt i alt var Vestnes best
og vinner fortjent, men vi tror de må heve seg litt mer hvis
de vil opp i 3. divisjon igjen."
Romsdals Budstikke om kampen: "Begge lagene bidro til en god og sjanserik 4. divisjonskamp på Bud kunstgress i går kveld. Buds unge mannskap hang godt med, men Vestnes avgjorde til slutt på rutinen. Banens beste: Bjørn Espen Vatne, Bud/Elnesvågen 2."
Kampfakta:
Bud/Elnesvågen 2 - Vestnes Varfjell 1-2 (0-1)
4. divisjon
Fredag 16. april 2010 kl 19.00
Bud stadion, kunstgras
Tilskuarar: ca 30
Mål:
0–1 (45) Simen Brennvik
1–1 (77) Rune Aure
1–2 (84) Tommy Kanishi Andreassen
Dommar: Geir Hoel, Dahle
Gult kort VVIL: Jørgen Gravdehaug
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Simen Brennvik, Bjørn-Vegard Løvik, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Svein Erik Lange Male 85.), Alexander Connor - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes (Magnus Nerheim 65.), Tommy Kanishi Andreassen