Vestnes Varfjell hadde små problem med å slå Eidsvåg på heimebane fredag kveld. Etter ein litt tam førsteomgang og leiing med 1-0, lausba det for heimelaget etter pause. Då skapte laget mange sjansar. Kaptein Tommy Kanishi Andreassen noterte seg for tre nye skåringar. Ronny Leikarnes (bildet) spelte sin første kamp frå start i år, og den gamle toppskåraren svarte med ei vakker skåring. Det eine målet var eit sjølmål. Eidsvåg reduserte to gongar; først på straffespark, så på ei kontring langt på overtid.

 

 

Eidsvåg kom til Vestnes med berre 11 mann grunna sjukdom i troppen, men gav heimelaget god motstand i starten. Vestnes Varfjell, som vann heile 10-0 borte i vårkampen, tok etter kvart over. Etter eit kvarter kom den første skåringa. Eit innøvd frispark lukkast. Tommy Kanishi Andreassen hoppa over ballen og fekk den i staden servert frå Tore Akselsen. Avslutninga frå kloss hald hadde ikkje keeper sjanse på. SJÅ VIDEO

Lite skjedde elles i ein litt kjedeleg førsteomgang. Eidsvåg hadde eit par sjansar. Dei største sjansane utanom skåringa for heimelaget kom ved Ronny Leikarnes med ei avslutning over tidleg i kampen og eit skot rett på keeper frå Kanishi midtvegs.

 

Etter pause skjedde det meir. Eidsvåg hadde ein stor sjanse tidleg, før heimelaget gira om og viste forskjellen på topp og botn av divisjonen. Ronny Leikarnes heada over frå fin posisjon før Kanishi auka til 2-0 på eit godt plassert skot. SJÅ VIDEO

 

Ronny Leikarnes spelte sin første kamp frå start denne sesongen. 40-åringen, som har rekorden både i talet på kampar og mål i Varfjell, hadde vore nære på fleire gongar før den endeleg sat etter 56 minutt. Spissen viste gammal klasse då han tok ned eit innlegg frå Ole Gunnar Kjærstad, vippa ballen opp til seg sjølv og avslutta med eit vakker skot som gjekk i boge over keeper. SJÅ VIDEO

 

Same Leikarnes var nære sitt andre for kvelden, men den berømte "ryggsekken" var på då han avslutta frå god posisjon. Amund Stavem kom innpå i andre omgang. Han skåre fire mål mot Eidsvåg i vår, men måtte nøye seg med eit skot i stolpen denne gongen.

 

Eidsvåg fekk si redusering på straffespark etter at dommar Rolf Erik Pedersen meinte Svein Erik Lange Male felte ein Eidsvåg-spelar på veg mot mål. 4-1 besørga også ein av gjestane. Vegard Opstad heada i eige mål etter eit frispark som vart lagt inn i feltet. Vegar Skare hadde sjansen til å auke, men skotet gjekk like utanfor.

 

5-1 kom likevel tre minutt før slutt. Kanishi fullførte sitt hattrick med eit skot over keeper frå 16 meter. Eidsvåg fekk pynte på resultatet ein gong til då dei kontra inn 5-2 på overtid. Vegard Opstad gjorde opp for sjølmålet tidlegare i kampen.

 

Alt i alt ingen stor kamp av heimelaget, men det heldt i massevis til tre nye poeng.  Midtstoppar Svein Erik Lange Male vart kåra til banas beste.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Eidsvåg 5-2 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark, fredag 24. august 2012 kl 19

Tilskuarar: 95

Mål:

1-0 (14) Tommy Kanishi Andreassen

2-0 (54) Kanishi Andressen

3-0 (56) Ronny Leikarnes

3-1 (66) Christer Bakken, straffespark

4-1 (9 sjølmål (Vegard Opstad)

5-1 (87) Kanishi Andreassen

5-2 (90+2) Vegard Opstad

Dommar: Rolf Erik Pedersen, Åndalsnes

Gult kort: Yngve Solevågseide (4), Per Kristian Os Nakken (66), VVIL; Petter Holm, Eidsvåg (26)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Per Kristian Os Nakken, Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland (Sondre Akselsen 86.), Ole Gunnar Kjærstad - Tore Akselsen (Amund Stavem 46.), Ronny Leikarnes (Christian Mario Leikarnes 79.), Tommy Kanishi Andreassen