
Yngve Solevågseide hadde den første store sjansen i kampen, men keeper fekk slått skotet frå 16 meter over.
Gjestane tok så leeinga 2-0 i løpet av tre minutt frå 18. til 21.
minutt. Først slapp keeper ballen ned i beina på Dag Næss som sette inn
1-0. Deretter gjekk eit frispark i mål via feltet der Niklas Krohn vart
kreditert skåringa.
Kampens flottaste skåring kom ved Tommy Kanishi Andreassen fem minutt seinare. Mangnus Nerheim kombinerte fint med Yngve Solevågseide før Kanishi tok over, skar inn i bana og avslutta med eit flott skot frå 16 meter.
Vestnes Varfjell fekk si fortente utklikning då ein time var spelt. Igjen var det Kanishi Andreassen som skåra, denne gongen med eit skot frå skrått hald som gjekk i mål via stolpen. Begge lag hadde sjanar til å avgjere på slutten, ifølge referatet på nettsidene til Åndalsnes.
| {seyretpic id=1198 align=center} | {seyretpic id=1199 align=center} |
| {seyretpic id=1200 align=center} | {seyretpic id=1201 align=center} |
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-2
Pause: 1-2
Treningskamp fotball
Onsdag 31. mars 2010 kl 18
Vestnes Idrettspark
Tilskuarar: ca 30
Mål:
0-1 (18) Dag Næss
0-2 (21) Niklas Krohn
1-2 (25) Tommy Kanishi Andreassen
2-2 (60) Kanishi Andreassen
Gult kort: Ruben Rostille, ÅIF
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Lagoppstilling: Svale Leren, Magnus Nerheim, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad, Simen Brennvik? - Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor, Yngvde Solevågseide - Elling Olfasen, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen
Innbyttarar?