Heimefavorittane i Vestnes futsal vann Kjetil Rekdals juleturnering i Vestneshallen 2. juledag etter ein knusande 8-1-seier i finalen mot Søre Luton. Fire raske skåringar tidleg avgjorde. Du kan sjå heile finalekampen i VarfjellTV. Vestnes futsal vann turerniga for andre gong, medan midsundingane tapte si tredje finale på fire år. Dei hadde imidlertid toppskårar i turneringa i Ingemar Misund, som skåra 11 mål. Vestnes futsal originals slo Vikebukt futsal 5-1 i bronsefinalen.

Rundt 200 tilskuarar hadde funne vegen til Vestneshallen 2. juledag. Turneringsleiar Knut Øyvind Hoem er fornøgd, sjølv om avmeldingar i siste liten skapte litt problem og gjekk ut over kjendisfaktoren.

På førehand var det venta at både utanlandsproff Magnus Wolff Eikrem. MFK-keeper Ørjan Håskjold Nyland, Mjøndalen-spelar Christian Gauseth og den mykje omtalte fotballagenten Jim Solbakken frå Fiksdal, skulle delta. Bernt Hulsker stilte derimot opp og viste gamle kunster for heimepublikummet. Sjå intervju med Hoem her.

Rbnett har intervjua KBK-spelar Simon Tomren, som kom med på finalelaget etter at fjorårsvinnar Hoels Eigth meldte forfall då MFK-spelar Eirik Hestad skada seg i ei bilulykke før jul. Det er lenge sidan Kjetil Rekdal sjølv deltok, men sonen Niklas var med på vinnarlaget. Sjå intervju med Kongsvinger-spelaren her. FLEIRE VIDEOAR FRÅ TURNERINGA I VARJELL-TV

 

 

Med på vinnarlaget var Eirik Taklo (Tomrefjord), Thomas Brastad (Vestnes Varfjell), Niklas Rekdal (Kongsvinger), Mats Inge Skorgenes (Tomrefjord), Karl Arne Stokkeland (Vestnes Varfjell), Nirut Mjøs (Vestnes Varfjell), Tommy Kanishi Andrassen (Brattvåg), Simon Tomren (Kristiansund BK) og Jørgen Gravdehaug (Tomrefjord).

 

Foto og video: Asbjørn Vik