Aukra-baserte Bench Boost, med Kay Connor frå Vestnes Varfjell i troppen, slo Molde-baserte Lokomotiv Manilla, med Vestnes Varfjells Fredrik Bergslid mellom stengene, 5-2 i finalen i Vestneshallen. Av laga med flest spelarar frå Vestnes Varfjell var det laget Reprise av 2016? som gjekk lengst med semifinaleplass i årets utgåve av Kjetil Rekdals juleturnering. Emil Breivik, som skåra hat-trick i finalen, fekk bestemannsprisen. Toppskårar vart Simen Varhaugvik med 11 mål. Begge spelte for vinnarlaget. Som vanleg var det mykje folk på tribunene i Vestneshallen.

Her kan du lese kva Rbnett (krev abonnement) skriv om cupen.

Alt kom turneringa finn du her