Kjetil Rekdal
Kretsen har no klar terminlista for 5. divisjon avdeling 3, der Vestnes Varfjell 2 opnar heime mot Kjetil Rekdal og resten av Fiksdal/Rekdal 29. april. Første møte med Tomrefjord blir spelt 16. juni. Laget, som har dei fleste av spelarane sine frå Vikebukt og Daugstad, skal spele heimekampane sine på Gjermundnes stadion. Det er uvisst om valet av den vesle bana som heimearena har noko med kondisjonsnivået til enkelte av spelarane å gjere. Alle kampar under: Heile terminlista her (sjekk tabellen!)