{seyretpic id=1313 align=right}Vestnes Varfjell 2 spelte sin første kamp for året laurdag rett etter A-lagskampen. Det vart tap 2-6 mot Dahle junior. Johan Andreassen og Oddgeir Vikås var målskårarar (sjå video ).

- Ein artig kamp sjølv om det rakna litt mot slutten og speleforholda var vanskeleg med snø på bana. Målet til Johan var det finaste, kontant avslutning etter eit fint oppbygd angrep (video ), seier spelande lagleiar Bjørn-Vegard Løvik. Sjå intervju i VarfjellTV. Laget skal trene på Vestnes tirsdagar kl 19.30. Mange kjente Varfjell-namn er med på laget og Løvik har håp om å få med Bernt Hulsker også. Desse spelte laurdag:

 

Oddgeir Vikås skåra eitt mål mot Dahle. Foto: Asbjørn Vik
Oddgeir Vikås

Laget: Erling Magne Slemmen; Christian Leikarnes (Anders Rundtom), Bjørn-Vegard Løvik, Egil Kåre Hoem (Svein Erik Lange Male), Lars Jørgen Skjegstad (Peter Brennvik) - Frank Løvik, Tarjei Rypdal Eide (Steinar Sætre), Jan Tore Eik, Ole Thomas Sætre - Oddgeir Vikås, Johan Andreassen (Kristoffer Presthus) 

 

{seyretpic id=1315 align=right}- I tillegg til desse er Cato Andreassen, Håvard Sylte, Øystein Krogset, Ronald Brastad, Bertin Gjerset mellom fleire som me kjem til å sjå i aksjon i løpet av sesongen. Me har også eit håp om at Bernt Hulsker blir med i nokre kampar, ikkje minst mot MFK 5 med Petter Rudi & Co og mot Fiksdal/Rekdal og Kjetil Rekdal, seier Løvik.

 

I eit intervju med VarfjellTV etter kampen laurdag seier Løvik at kampen var ei god treningsøkt og at han ikkje trur laget skal bli nokon "kasteball" i 5. divisjon. Målet er å slå både Tomrefjord og Fiksdal/Rekdal og bli beste Vestnes-lag.  

 

{seyretpic id=1316 align=right}Stillinga ved pause laurdag var 1-2. Johnny Svensli dømte kampen. Vestnes Varfjell 2 planlegg ein treningskamp til før seriestart, men det er uklart kven som blir mostandar.

 

Laget har treningar kvar tirsdag kl 19.30 på Vestnes fram mot seriestart. Her er det berre for interesserte spelarar å møte opp, seier Bjørn-Vegard Løvik.