Vestnes Varfjell 2 tapte laurdag 1-5 heime mot Isfjorden. Kampen var jamnare enn resultatet, men gjestane frå Rauma var farlegare framfør mål og hadde ved nokre høve også god hjelp av eit uheldig Vestnes Varfjell 2-forsvar. Oddgeir Vikås skåra for heimelaget i ein kamp der det vart gjensyn med den tidlegare MFK-spelaren Johan Høgset på laget til Isfjorden. 15 tilskuarar såg kampen i Vestnes idrettspark. Isfjorden har dermed - samen med mellom andre Fiksdal/Rekdal - sjansen til å bli med i den nye og spissa 5.-divisjonen med berre ti lag neste år, medan for VVIL 2 sin del går mot spel i den nye 6.-divisjonen. Les kretsen si utgreiing om dette her. Tabellen>>