Vestnes Varfjell 2 klarte ikkje å halde oppe den fine formutviklinga i 5. divisjon då laget møtte Hjelset-Kleive på bortebane laurdag. Kampen endte 6-5 til heimelaget. Vestnes Varfjell 2 er dermed framleis på nedre halvdel av tabellen der berre dei 3-4 beste får bli med i neste års spissa 5. divisjon. Fiksdal/Rekdal - med mange tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på laget - ligg heilt oppe på ein andreplass etter å ha utklassa Meek heile 25-1. Tabell>>