Målskårar Oddgeir Vikås og spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik. Foto: Asbjørn Vik
Vikås og Løvik
Vestnes Varfjell 2 tapte 1-4 mot Tomrefjord junior i ein treningskamp langfredag. Stillinga ved pause var 0-3. Dette var siste test før seriepremieren heime mot Fiksdal/Rekdal fredag om ei veke. Oddgeir Vikås var målskårar for VVIL 2. Ole André Vik, Simon Tomren, Daniel Sundet og Yngve Frostad skåra for Tomrefjord. Video kjem. Resultat frå to kampar spelt onsdag: Åndalsnes - Rival 2-1, Bryn - Bud 3-3. Spelt tidlegare: Tingvoll - Kvass/Ulvungen 4-1.