VVIL 2 hadde små problem med å slå Fiksdal/Rekdal som har fått svekka laget sitt etter den gode fjorårssesongen.
- Me sprang meir enn dei og hadde i tillegg fleire å bytte innpå. Alle spelte ein god kamp i dag, seier Løvik, som likevel trekker fram Sivert Øveraas og Kay Connor som dei beste på sitt lag. Øveraas har spelt for MFK, Sogndal og Sandnes-Ulf og blir ei solid forsterking på dette nivået.
- Han dominerte kampen, og skåra også eit artig mål der han slo tunnel på både Dag Nakken, Kjetil Rekdal og keeper. Kay er ein teknisk god midtbanespelar med godt overblikk. Han minner meg om Bernt Hulsker, men uten same farta, seier Løvik.
Det er Løvik, Øystein Krogset og Lars Jørgen Skjegstad som skal leie laget i kampane. Dei rår over ein tropp på rundt 30 spelarar, noko som også kan vere ei utfordring.
- Me har så mange spelarar at mange ikkje kan vere med i kvar kamp, seier Løvik.
Neste kamp er mot MFK 5 borte, eit lag med tidlegare MFK-stjerner som Petter Rudi på laget. Deretter er det Meek heime.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell 2 - Fiksdal/Rekdal 6-2 (4-1)
5. divisjon Nordmøre/Romsdal avd 3
Fredag 29. april 2011 kl 19
Vestnes idrettspark,100 tilskuarar
Mål:
1-0 Johan Andreassen
1-1 Dag Nakken, str
2-1 Fredrik Sæter
3-1 Tor Gunnar Venås
4-1 Oddgeir Vikås
5-1 Sivert Øveraas
5-2 Frank Nakken, str
6-2 Azim Ahmadi
Vestnes Varfjell 2 (3-5-2/4-4-2): Andreas Reistad (Svale Leren); Per Johnny Nordvik, Cato Andreassen (Ole Thomas Sætre), Bjørn-Vegard Løvik - Tor Gunnar Venås (Azim Ahmed), Sivert Øveraas, Kay Connor (Daniel Kvendbø), Christian Mario Leikarnes (Stian Ramstad), Mangus Nerheim - Johan Andreassen (Fredrik Sæter), Oddgeir Vikås (Rolf Dahle)