Spelande trenar Knut Øyvind Hoem (th) tek imot Fiks/Rek i kveld.
Hoem vs MFK 4
I kveld spelar Vestnes Varfjell 2 siste seriekamp i 5. divisjon når tippemeister Dag Nakken kjem i spissen for Fiksdal/Rekdal for å gjere opp om tittelen "Beste Vestnes-lag i 5. divisjon 2009". Vestnes Varfjell 2 har eitt poeng til gode på naboane frå vest, men må helst vinne sidan Fiksdal/Rekdal har ein kamp til gode. Tabellen>> Kampen er flytta fram frå laurdag. Avspark i Vestnes idrettspark er kl 17. Har du ikkje fått nok av lokal 5.-divisjonsfotball etter denne kampen, kan du berre bli verande og få med deg Tomrefjord - Ekko/Aureosen same stad klokka 19. Kampprogrammet i Vestnes idrettspark resten av sesongen:


Uke 42

 

Mandag 12.10 kl 1700 5 div vs Fiks/Rek

 

Mandag 12.10 kl 1900 TIL 5. div vs Ekko A

 

Onsdag 14.10 kl 1930 G14 Finale vs Sunndal

 

Torsdag 15.10 kl 1830 G14 TIL

 

Lørdag 17.10 kl 1730/1800 TIL 5. div vs Rival 2