Pause MFK 4 - VVIL 2

Vestnes Varfjell 2 vann laurdag 4-2 borte mot Molde 4. Svein Erik Lange Male, Azim Ahmadi, Nirut Mjøs og Johan Andreassen var målskårarar på kgb i Molde Det sto 1-1 ved pause og alle fire siste måla i kampen kom i løpet av dei ti siste minutta av kampen. Ahmadi skåra kampens finaste mål, ei heading etter presist innlegg frå Jan Tore Eik.

I ein jamnspelt og sjansefattig kamp lausna det for Vestnes Varfjell 2 mot slutten. Etter at det sto 1-1 ved pause gav spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik klar beskjed om at dette var ein kamp dei skulle vinne, og slik vart det. God innsats og meir spel langs bakken etter pause var nøkkelen til å bikke kampen rett veg.

Neste kamp er laurdag om ei veka når Tomrefjord tek vegen til Vestnes idrettspark.

Kampfakta:

Molde 4 - Vestnes Varfjell 2 2-4 (1-1)

Molde kunstgrasbane, 7 tilskuarar (4 Vestnes Varfjell)

Laurdag 11. juni 2011 kl 14

Mål:

0-1 (25) Svein Erik Lange Male

1-1 (26) 

1-2 (81) Azim Ahmadi

1-3 (83) Nirut Mjøs

1-4 (85) Johan Andreassen

2-4 (89)

Dommar: Jan Roger Strømsvåg, Sunndal

Ingen kort

Vestnes Varfjell 2 (4-3-3): Laget: Heen Lien; Presthus (Schulze 46.), Lange Male, Løvik, Venås - Skjegstad, Mjøs, Ahmadi - Eik, Sæter (Presthus 80.), Andreassen.