Vestnes Varfjell IL har kasta seg inn i debatten om plassering av den nye ungdomsskulen som skal byggast på Helland. Laget ser for seg sambruk med klubbhus og treningshall og vil ha plassering i nærleiken av Vestnes idrettspark. Ikkje alle i forsmannskapet var samde i dette, men fleirtalet vedtok å sende saka på høyring med plassering på grusbana ved Vestneshallen og plassering ved idrettsparken som to av alternativa. Les meir i Vestnesavisa.

Det er ikkje første gong tanken om å samle idrett og skule har vore lansert. Jarle Skuseth gjorde det same i 1963 då tomt til dagens ungdomsskule  vart valt. Her saksa frå jubileumsboka frå 2000: "Idrettslaget kasta seg også inn i debatten om plassering av den framtidige ungdomsskulen på Vestnes. Skulen skulle ha både gymnastikksal og svømmehall og dermed også bli eit viktig idrettsbygg. Etter ein intern debatt med krav om nytt årsmøte vedtok fleirtalet i idrettslaget å avstå grunn gratis til kommunen mot at skulen vart lagt til området ved idrettsplassen. Det ville samle mykje av idrettsaktiviteten til eitt område. Jarle Skuseth laga ein modell som viste korleis idrettsplassområdet kunne romme både idrettsanlegg, skule, samfunnshus og kommunehus. Planane vart også sett i samanheng med at Hellandheimen også planla bygging av svømmehall og gymnastikksal.  Alternativet til idrettsplassområdet var ei tomt i Remmemsvika, Wetteland-tomta. Både det kommunale idrettsrådet og idrettskonsulent Kaare Viken støtta planane til idrettslaget. Det var opp til kommunestyret å gjere det endelege vedtaket. Det vart ein lang og kjenslelada debatt, der forkjemparane for tomta i Remmemsvika vann fram. Fleirtalet i kommunestyret likte ikkje tanken på å legge ein skule så sentralt som området ved idrettsplassen."

Bildet viser Skuseth sin modell: 1 veg til ferjekai,
2 Vestnes Sparebank, 3 «rådhusplass»,
4 kommunehus,
5 leikeplass,
6 «Tjønna»,
7 skuleplass,
8-10 ungdomsskule med gymsal og symjehall,
12 friluftsscene,
13-14 bygdemuseum, 15 treningsbane gras, 16-18 tennisbane, handballbane, naturpark,
19 badeplass,
20 friområde,
21 paviljong Hellandheimen,
22 Vonheim.