Vestnes Varfjell hadde ikkje eige lag i Norway Cup i år, men tre spelarar fekk likvel vere med. Håkon Kjørvik, Jardar Furland Sylte og Jarle Løvik Salte hospiterte på 16-årslaget til Hødd. Laget, som spelte i 7-arklassen, kom til A-sluttspel der det vart tap for eit lag frå Brasil.. Avtalen kom i stand gjennom den utflytta vestnesingen Bjørnar Ødegård som bur i Ulsteinvik, skriv Vestnesavisa.