Ein heimekamp mot Molde, Aalesund eller Hødd kan ligge i potten når Vestnes Varfjell dreg til Moa i Ålesund for å møte Herd i kampen om ein plass i 1. ordinære cuprunde for første gong sidan 1976. Herd, med den tidlegare AaFK-spelaren Amund Skiri som spelanede trenar, er soleklare favorittar. Kampen er også på Langoddsen. Begge lag har lada opp i Tyrkia, der Herd tapte 2-4 mot svenske Syrianska Västerås. Laga møttest som før nemnt i cupen i 1978 då Herd vann 4-2 og Åge Sylte og Tor Egil Vallda skåra for Varfjell. Same resultat vart det også i den siste kampen mellom laga, ein treingskamp på Herdtun i 2005. Då skåra Tore Akselsen og Tarjei Rypdal Eide for dei marineblå. Akselsen er einaste mann att frå laget som spelte denne kampen, som du kan lese om her. Aller første kamp mellom laga var i 1935. Då tok Lyn, som Herd heitte då, turen til Vestnes der dei vann heile 17-2! Elles er Rune Amdam den einaste me kjem på som har spelt for begge klubbar. Han fekk 28 A-kampar for Herd på 1990-talet.
Vegen mot Ullevaal: Møter Herd borte kl 16
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter