Samarbeidslaget mellom Tomrefjord og Vestnes Varfjell i juniorserien er igang med treningane, og Bygdebladet har snakka med trenar Glenn Skorgenes. Han forklarer at laget blir viktig med tanke på rekrutteringa til begge lag sidan ingen av dei maktar å stille 14-16-årslag denne sesongen. - Det blir eit ungt lag, med mange førsteårsjuniorar. Men vi har god tru på satsinga, og laget skal nok bite frå seg, seier Skorgenes til avisa. Vestnes Varfjell stilte lag aleine i G19 i fjor, Tomrefjord gjorde det same i 2012. I 1999 var det samarbeid på juniorsida mellom alle klubbane i Vestnes.