Trenar Alexander Connor (tv) har fått ei solid forsterking i Trond Klokset, Her frpå 2006.
Connor og Klokset

Trond Klokset har skrive under for Vestnes Varfjell og er speleklar alt til fredagens lokaloppgjer mot Måndalen på Øran stadion, melder sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no. Klokset har dei siste sesongane spelt for Øya FC under studiar i Trondheim, men er no igjen klar til innsats for moderklubben. 29-åringen har i fleire sesongar spelt for Vestnes Varfjell på lån i feriar, men er no på plass på permanent basis. Midtbanespelaren blir ei solid forsterking for 4.-divisjonslaget. Klokset har 2.-divisjonserfaring frå Molde 2, Træff og Lillehammer.

 

Klokset debuterte for Vestnes Varfjell alt 26. april 1998, mot Surnadal borte i ein kamp som endte uavgjort 0-0