Magne Heggen og Odd Jarle Talberg
Magne Heggen og Odd Jarle Talberg
Den nye tribuna i Vestnes idrettspark, med 320 sitteplassar, vart ferdig etter ein ny dugnad onsdag. Magne Heggen og Odd Jarle Talberg er arkitektane bak tribunebygginga. Dei har stått for forarbeid, bokking av profilar i aluminium og kapping av materialar til tribunen som er bygd i impregnert treverk. Kanskje kjem det også ei takløysing etter kvart.

Det avtalte arbeidet er utført av foreldra til G14/G15 og G16 over to laurdager og onsdag 10 mai. Styret i VVIL er svært godt fornøgde med det utførte arbeidet og ønsker "Hegreberget" og øvrige publikum velkommen til mange spennande og sjåverdige forestillingar i parken i tida framover!

Tribune 10 mai 2006
Plass til 320 på Hegreberget