Vestnes Varfjell skal spele i 4. divisjon i 2010. Nedrykket vart klart etter at Træff tapte 1-4 og 3-5 samanlagt mot Aalesund 2 i kvalifiseringa for 2. divisjon. Træff-opprykk hadde gitt Vestnes Varfjell ein ledig plass i 3. divisjon, men som i 2007 (også då med Træff som redningshåp) gjekk ikkje dette. AaFK 2 var klart best i returkampen på Reknesbanen, og den store kontingenten med Vestnes Varfjell-folk innsåg tidleg at dette ikkje gjekk vegen. Meir om kampen på Rbnett. Grykam følger Bryn ned frå 4. divisjon på grunn av resulatet i kveld, noko som gir følgande lag i avdelinga neste år:
4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2010:
Vestnes Varfjell
Måndalen
Træff 2
Midsund
Gossen
Bud/Elnesvågen 2
Malmefjorden
Isfjorden
Bøfjord/Bæverfjord
Clausenengen
Skåla
Kvass/Ulvungen/Tingvoll
Dersom ny serieordning med felles 3. divisjon (kan bli heitande 2. divisjon) for Møre og Romsdal blir vedtatt på fotballtinget i vinter, vil berre vinnaren av avdelinga rykke opp.