Vestnes Varfjell måtte nøye seg med eitt poeng då laget tok imot tabellnabo Frei i 4. divisjon fredag kveld. Begge lag følte nok at dei hadde seieren inne i ulike delar av kampen, så slik sett var uavgjort ok. Vestnes Varfjell tok ei tidleg 2-0-leiing etter skåringar av Amund Stavem og Karl-Edvard Bredeli. Så - heilt plutseleg - snudde Frei kampen i løpet av fire minutt mot slutten av omgangen. Vestnes Varfjell hadde sjansen til å utlikne til pause, men straffesparket frå Svein Erik Lange Male gjekk i stolpen. Bredeli - som giftar seg laurdag - ordna balanse igjen etter pause, men igjen slo Frei tilbake på eit langskot over keeper. Male hadde sjansen til å gjere godt att straffemissen, men frisparket traff stolpen. Så - heilt mot slutten -berga heimelaget eitt poeng då Sivert Nerheim var sist på ballen i ei klynge etter ein corner. Tidens Krav om kampen Videoar laurdag.
Frei hadde dei første stor sjansane i kampen før Amund Stavem lurte seg forbi borteforsvaret og plasserte ballen forbi keeper til 1-0. Like etter serverte same mann ballen til Bredeli som plasserte ballen flott forbi keeper til 2-0. Etter dette hadde Vestnes Varfjell god kontroll på kampen heilt til marerittminutta: Først rot i forsvaret og til slutt ei heading bakover og i mål, så ei kontring og skåring frå død vinkel, deretter eit kontant skot i krysset på ny kontring. Straffesparket kom etter at Stavem vart felt, men ein finger frå keeper og ein stolpe hindra utlikning.
Vestnes Varfjell tok over i andre omgang og det var fortent då Bredeli vart tomålsskårar med eit skot frå bakre stolpe. Heimelaget hadde sjansar til å ta leiinga, men i staden fekk bortelagets spelande trenar Roar Henden fulltreff og langskotet lurte seg over Gabrielsen og i mål. Så small Lange Malen ballen i stolpen på nytt på eit frispark frå hjørnet av 16-meteren, før Sivert Nerheim altså sikra eitt poeng til slutt.
Målrikt og sjanserikt mellom to lag har spelt betre kampar denne sesongen.
Sjølv om det ikkje vart seier, var det viktig med nok eit poeng i botnstriden. Uavgjort betyr også at Frei framleis er eitt poeng bak. Neste helg er det nytt interoppgjer i botnen, då ventar Dahle på bortebane.
Vestnes Varfjell slit med å stille fulltalig i haust. Denne gongen mangla mellom anna begge tomålsskårarane frå sist kamp mot Midsund (Olafasen skadd, Klokset på veteran-NM med MFK). Ny mann i troppen var Sindre Sogge Heggen. Han er no tilbake i Vestnes etter studiar og blir ein fin tilvekst. Han fekk eit innhopp som back og seinare kant i andre omgang.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Frei 4-4 (2-3)
Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar
Fredag 4. september 2015 kl 19
Mål:
1-0 (12) Amund Stavem
2-0 (19) Karl-Edvard Bredeli
2-1 (36) Ibrahim Ashoor
2-2 (37) Rune Flatsetøy
2-3 (39) Amed Koshnau
3-3 (61) Bredeli
3-4 (79) Roar Henden
4-4 (90) Sivert Nerheim
Laget: Adrian Gabrielsen; Preben Hovde, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Adrian Liabø (Sindre Sogge Heggen 70.) - Sivert Nerheim, Alexander Connor (Jørgen Hovde 80.), Yngve Solevågseide - Karl-Edvard Bredeli, Amund Stavem, Juan Rikard Larsen
Dommar: Ingvild Aarland, Malmefjorden. Tre gule kort til Frei