Vestnes Varfjell tok ferie i 4. divisjon med å tape 1-6 borte mot Averøykameratene laurdag. Eit veldig redusert Varfjell-lag heldt stand i 20 minutt før det første målet kom. Eit straffespark og eit frispark som burde vore avverga sørga for at AK leia 3-0 ved pause. AK skåra like mange mål etter pause då dei etter kvart fekk lettare spel. Samtidig var Varfjell oftare i angrep i denne omgangen. Reduseringsmålet kom på eit vakkert frispark som Svein Erik Lange Male skrudde opp i krysset frå 17 meter. Begge trenarane måtte spele etter mange forfall til denne kampen. Knut Øyvind Hoem spelte frå start medan Alexander Connor bytta seg sjøl innpå mot slutten. Dermed vart det også ein far og ein son på bana samtidig (bildet) etter at Liam vart bytta inn nokre minutt tidlegare. Ole Håkon Heen Lien sesongdebuterte også. Elverum-studenten gjorde ein god kamp i midtforsvaret. Nirut Mjøs starta som einsleg spiss etter at dei vanlege spissvalga, Stavem og Olafsen, ikkje var med. Laget: Gabrielsen, Løvik Salte, Male, Lien (A Connor 84.), Hoem (L Connor 65.) - Larsen, M Nerheim, Solevågseide (Hoem 86.), S Nerheim, Ahmadi - Mjøs