Vestnes Varfjell leverte ein svak kamp og tapte 0-2 heime mot Åndalsnes fredag. Gjestane starta friskast og tok leiinga etter 20 minutt. Aksel Berget Skjøsvik fann Ola Farkvam som sprang frå på venstrekanten og avslutta med skot forbi keeper. Det sto seg til pause. Heimelaget tok over etter kvilen, men sleit med å bryte ned ÅIF-forsvaret. Elling Olafsen og Amund Stavem hadde eit par forsøk, men det vart mykje nesten. Åndalsnes hadde faktisk dei største sjansane når dei kom på kontra. På overtid kom 0-2 ved Sindre Hammervold etter at Varfjell hadde sendt alle mann framover.
Kaptein Kanishi til Rbnett (plussartikkel, men kun kr 1 å logge seg på for tida) etter kampen:
- Dette var en veldig skuffende kamp for vår del. Det var lite som stemte, og vi klarte ikke å legge ned samme innsatsen som ÅIF-spillerne. Vi har et veldig høyt toppnivå i spillet vårt når det stemmer, men kanskje også det laveste nivået av alle på en dårlig dag.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 0-2 (0-1)
Vestnes idrettspark, fredag 29. juni 2018 kl 19
Mål:
0-1 (19) Ola Farkvam
0-2 (90 + 2) Sindre Hammervold
Laget: Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik (Elling Olafsen 46.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim (Liam Connor 79.) - Vegard Ellingseter,Tommy Kanishi Andreassen, Sivert Nerheim - Amund Stavem, Markus Brudseth, Jarle Løvik Salte
100 tilskuarar
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Ørjan Tangen, VVIL (20) og Aksel Berget Skjølsvik, ÅIF (76)