
Tor Gunnar Venås
Vestnes Varfjell har fått to spelarar i tilgang til
innspurten i 4. divisjon. Det er Tor Gunnar Venås og Azim
Ahmadi. Venås returnerer til klubben etter eit opphald i
Måndalen. Afghanaren Ahmadi, som bur ved asylmottaket
på Vestnes, har tidlegare spelt for
Halsa/Valsøyfjord. Sportsleg leiar Geir Åge Sylte i
Vestnes Varfjell ønsker begge to velkommen og seier dei
supplerer ein frå før liten A-stall. Fristen for
overgangar gjekk ut ved midnatt, og fleire spelarar har skifta
klubb:
Mest omtalt er nok overgangen for Jan Roger Angvik frå
Eidsvåg til Træff.
Les meir om dette i Driva.
Begge dei to klubbane har også sikre seg andre spelarar.
I 4. divisjon har ein av dei beste Clausenengen-spelarane, Roar
Henden, gått tilbake til KBK, melder nettstaden garderobeprat.com
Kjenner du til andre overgangar? Legg inn ei melding i
kommentarfeltet!