Alexander Connor måtte sjå slutten av Sunndal-kampen frå tribuneplass. (Foto: Kaims)
Connor på tribuna.
Nordmøre og Romsdal Fotballkrets har idømt Tommy Kanishi Andreassen karantene i to kampar etter utvisinga mot Sunndal. Dermed må venstrekanten stå over både mot Elnesvågen laurdag og Eidsvåg neste fredag. Spelande trenar Alexander Connor slepp derimot karantene etter at han vart vist på tribuna i kampen mot Sunndal. Derimot har klubben fått ei bot på 1000 kroner frå kretsen, noko leiar Kai Magne Stokkeland er snar med å beklage:


- Me vil gjerne fokusere på gode haldningar av spelarar, trenarar og andre i støtteapparatet til lag i Vestnes Varfjell. At desse pådreg seg karantene og bøter frå fotballkretsen er ikkje i samsvar med våre retningsliner for fair play. Me kan naturlegvis være usamde med dommartrioen sine avgjørerder, men må huske at det er dommaren som bestemmer utifrå sine vurderingar av kampsituasjonar og gjeldande kampreglement, seier Stokkeland til Varfjell.no.

 

Kretsen fekk raudt kort for "usportsleg opptreden". Connor fekk også tildelt raudt kort av dommar Rolf Erik Pedersen, men dette blir av kretsen ikkje rekna som utvising sidan han alt var tatt av bana og oppheldt seg på benken som trenar. Derimot vart han bortvist på grunn av munnbruk etter utvisinga av Kanishi, og det er denne episoden som har gitt klubben bot.