16. mai er ein festdag i Fotball-Norge, og Vestnes Varfjell tar turen til Åndalsnes for å spele lokaloppgjer. Laga møttest 16. mai også i fjor, då vart det 2-2 i kampen som vart spelt på Vestnes. Bortekampen mot ÅIF var også serieopninga i fjor. Då vann Vestnes Varfjell 2-1 etter ei dramatisk avslutning . Tore Akselsen vart matchvinnar, men pådrog seg samtidig ein skade som han enno ikkje er frisk frå. Oversikt over tidlegare kampar mot Åndalsnes finn du her. Vestnes Varfjell er utan ein feriereande Elling Olafsen. Lagoppstillingar kjem her. Prøv Twitter for skåringsvarsel: Vestnes Varfjell eller Åndalsnes. To kampar i divisjonen vart spelt i går: CFK/KBK 3 - KFK 2-3 og Dahle - Frei 1-2.
Til Åndalsnes på "fotballens nasjonaldag"
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter