Vestnes Varfjell fekk det som venta tøft i bortemøtet med eit sterkt besatt KBK 2-lag måndag kveld, og måtte dra frå Kristiansund stadion med 0-8 i bagasjen. Vestnes Varfjell heldt stand i ein omgang etter at vertane tok leiinga 1-0 tidleg. - Me produserte lite i første omgang, men var flinke til å forsvare oss. Etter pause hadde me tre store sjansar, men me var ikkje heldige samt at dei hadde ein god keeper. Dessverre får me sju i "sekken" mot det beste laveste me har møtt i år, seier Knut Øyvind Hoem, som leia laget medan Alxeande Connor var opptatt med G 16. 8-0 er for øvrig same resultat som i vårkampen på Vestnes. Ei rekke spelarar med erfaring frå Obos-ligaen og Tiippeligaen var i lagoppstillinga til heimelaget, mellom dei MFK-utleigde Thompson Ekpe, Pål Erik Ulvestad, Andreas Rødsand, Joakim Bjerkås og Sondre Sørli, som seinast søndag skåra to mål for KBK borte mot Levanger i 1. divisjon. Han skåra også eitt av måla måndag, dei andre vart sett inn av Jonas Grønset (2), Joakim Bjerkås, Tobias Franzen, Ådne Bruseth og Andreas Rødsand (2). Vestnes Varfjell måtte dra nordover med liten tropp grunna kampkollisjon med G16 som møtte Træff borte i 1. divisjon måndag (tapte 1-5, mål David Sissko). Justin Sætre var einaste innbyttar - med brukket finger! Neste kamp er heime mot eit anna topplag, Eide, fredag.
Laget: Gabrielsen, Liabø, Male, S Nerdheim, Hoem - Ahmadi, Solevågseide (Sætre 79.), Skare, M Nerheim - Stavem, Olafsen. Gult kort: Svein Erik Lange Male. Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, CFK