Vestnes Varfjell måtte sjå seg slått for første gong i år då divisjonskollega Eidsvåg vann 4-3 på Reknesbanen i Molde fredag. Eidsvåg starta klart best og var i leiinga 2-0 før ti minutt var spelt. Seinare auka bruntrøyene til 3-0 på straffespark. Vestnes Varfjell kom tilbake og skapte nokre store sjansar mot slutten av omgangen, mellom anna heada Elling Olafsen i stolpen og Svein Erik Lange Male sendte eit frispark frå lang avstand i tverrliggaren.
Eidsvåg skåra først også etter pause, men resten av kampen tilhøyrde Vestnes Varfjell. Amund Stavem, Elling Olafsen og Vegard Skare reduserte ein gong kvar. Laget hadde også i denne omgangen fleire avslutningar i stengene. Eidsvåg fekk ein spelar (Brakstad) utvist på slutten. Eidsvåg om kampen
Kampfakta:
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 4-3 (3-0)
Reknesbanen fredag 3. mars 2017 kl 19.30
1-0 (3) Tore E. Klokseth
2-0 (6) Fredrik Dalum Sødahl
3-0 (19) Tore E. Klokseth (straffe)
4-0 (65) Pål Bergsvik
4-1 (67) Elling Olafsen
4-2 (78) Amund Stavem
4-3 (83) Vegar Skare
Laget: Gabrielsen, Solevågseide, Male, Kjørvik, M Nerheim - Skare, Stokkeland, S Nerheim - Stavem, Olafsen, M Brudeseth
Inn i pausen: Liabø og KR Brudeseth for Solevågseide og Kjørvik. Stokkeland flytta ned som midtstoppar