Norborg - Varfjell 3-0 (3-0) Vestnes Varfjell held fram med å spele ein god og ein dårleg omgang i treningskampane. Mot Norborg/Brattvåg 2 (4. divisjon Sunnmøre) var det i alle fall slik at alle baklengsmål kom før pause, medan andre omgang endte «uavgjort».
Oppmann Frode Lien oppsummerer kampen slik:
Me har god kontroll i tider av kampen, men merker at touch ikkje sit etter første gang på gras på to år. Me skaper for lite framover og må bruke kampen på søndag og treningane framover meget godt.
Molde 3 er siste treningsmotstandar heime i Vestnes idrettspark søndag.
Karl Arne Stokkeland sesongdebuterte og blir ei fin forsterking for dette laget. Også Airidas Skirgailas har returnert til Vestnes Varfjell etter å ha spelt juniorfotball for Træff. Liam Connor er også heime frå spel for Nardo junior i koronaåret 2020.
Kampfakta:
Norborg/Brattvåg 2 - Vestnes Varfjell 3-0 (3-0)
Torsdag 5. august 2021 kl 19
Uggedalen stadion, gras
Mål:
1-0 (22) Fredrik Hurlen
2-0 (25) Thomas Aursund, straffespark
3-0 (31) Martin Koch
Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor (Lars Håvard Heen Lien 46.); Liam Connor, Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male - Lars Helge Lien, Vegar Skare, Vegard Ellingseter (Oliver Søreng 46.), Juan Larsen (Håkon Kjørvik 46.) - Magnus Nerheim (Elling Olafsen 66., Karl Arne Stokkeland 72.), Elling Olafsen (Aridas Skirgaila 46.), Tor Bjarne Salte (Vegard Ellingseter 54.)