Vestnes Varfjell hadde sjansen til å avansere til 6. plass på tabellen, men leverte ein svak kamp og tapte 0-4 mot tabllenabo Træff 2 på bortebane søndag. Det sto 0-0 etter ein sjansefattig førsteomgang. Vestnes Varfjells største sjanse kom på ein corner som gjekk gjennom heile feltet, men deringen var på plass for å få ballen over streken. Vertane satsa på lange oppspel hadde dei fleste og største sjansane med eit skot i stolpen som den største. Det var derfor ikkje utortent at Træff 2 tok leiinga tidlega i andre omgang då Ole Kristian Gautvik fekk tid til å lobbe over keeper og i mål. Like etter hadde Magnus Nerheim ein stor sjanse til å utlikne. Ole-Gunnar Kjærstad la til rette innanfor 16-meteren, men skotet gjekk over mål. Fem minutt etter auka i staden Gautvik til 2-0 på ein ny lobb, denne gongen frå lengre hald. Gautvik fekk fullføre sitt hattrick med ein halvtime att å spele på eit skot via stolpen og inn. Etter dette hadde Vestnes Varfjell eit lite overtak utan at laget kom nærare redusering enn gode skotforsøk frå Jørgen Hovde og Amund Stavem. Like før slutt fastsette Sivert Beineset sluttresultatet til 4-0 på eit skot ute ved stolpen. Alt i alt ein svak kamp av Vestnes Varfjell som aldri greide å få etablert sitt spel mot eit Træff-lag som tydelegvis hadde mobilsert. - Me har alltid problem mot Træff 2 borte, og denne kampen var ikkje noko unntak. Det er skuffande at me ikkje greier å prestere betre for dette var ei kamp der me burde hatt gode sjansar til poeng, seier trenar Knut Øyvind Hoem. Han håper at laget skal reise seg att heime mot topplaget Sunndal fredag.

 

 

Kampfakta:

Træff 2 - Vestnes Varfjell 4-0 (0-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Søndag 7. jnui 2015 kl 15

Reknesbanen, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 (48) Ole Kristian Gautvik

2-0 (55) Gautvik

3-0 (60) Gautvik

4-0 (89) Sivert Beinset

Dommar: Karl Edvard Brendskag, Dahle

Gult kort: Jørgen Hovde, Vestnes Varfjell (88)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Kevin Gravdehaug (Ole Håkon Lien 62.), Ørjan Tangen, Thomas André Brastad (Sivert Nerheim 65.), Adrian Liabø - Trond Klokset (Jørgen Hovde 80.), Yngve Solevågseide (Azim Ahmadi 74.), Ole-Gunnar Kjærstad - Amund Stavem, Elling Olafsen, Magnus Nerheim