Vestnes Varfjell starta årets sesong i 5. divisjon med å vinne dei 11 første kampane. Det er tangering av klubbrekorden.
Seiersrekka for A-laget stoppa på ti kampar då Vestnes Varfjell måtte nøye seg med 0-0 heime mot Molde 3 fredag. Dette er tangering av rekorden for eit A-lag i Varfjell. I 1970 vann A-laget ti kampar på rad då laget rykka opp i gamle 4. divisjon (noverande 3. divisjon). Laget vann 16 av 18 kampar denne sesongen. Det høyrer med til historia at laget sette skåringsrekord for Varfjell med 81 mål på ein sesong. Nedanfor kan du lese meir om 1970-sesongen.
1970-sesongen skulle bli eit jubelår for Varfjell. Det viste seg raskt at laget var for godt for 5. divisjon. Trenar Jan Kjellevold fekk verkeleg sving på det offensive spelet. Laget vann stort i fleire kampar, der 11-0 heime over Rekdal var rekorden. Hjelset-Fram vart slått 8-3 og Vågstranda 9-1. På sluttabellen var laget tre poeng føre Rival på andreplass og med ein solid målforskjell på 81-18, ein rekord som skulle stå seg heilt til 1996. Som mestskårande lag i romsdalsfotballen fekk
laget også Romsdals Budstikkes scoringspokal. Rolf Rypdal vart toppskårar med 19 mål, to meir enn Arild Hustad. Varfjell fekk også æra av å arrangere "Årets kamp" arrangert av Romsdals Budstikke. Eit lag med spelarar frå 5. divisjon tapte 0-4 mot eit lag med spelarar frå 4. divisjon. Frå Varfjell deltok Lodve Solholm, Per Ove Smogeli, Roar Lindset og Rolf Rypdal.
Sesongen 1970
Seriekampar 5. divisjon Romsdal:
Varfjell mot Res Målskårarar
Rekdal (b) 7-0 Å Sylte, Halkjelsvik, Tofte, Grytten 2, Lindset 2
Vågstranda (h) 2-1 Gaustad, Bergum
Batnfjord (b) 2-1 Lindset, Tofte
Rival (h) 1-2 Å Sylte
Måndalen (b) 6-0 Rypdal 3, Hustad 2, Å Sylte
Lyngstad (h) 6-1 Rypdal 2, Å Sylte 2, Hustad, Lindset
Isfjorden (b) 4-2 Å Sylte 2, Rypdal, Gaustad
Kleive (h) 4-0 Hustad, Rypdal, Å Sylte 2
Hjelset-Fram (b) 8-3 Rypdal 3, Hustad 2, Gaustad, Å Sylte2
Rekdal (h) 11-0 Rypdal 4, Hustad 3, Gjeitnes 2, Gaustad, Sønstabø
Vågstranda (b) 9-1 Rypdal 4, Hustad 4, Kjersem
Batnfjord (h) 5-2 Hustad, Gaustad 2, Kjersem 2
Rival (b) 3-2 Lindset, Hustad 2
Måndalen (h) 2-1 Å Sylte, Gaustad
Lyngstad (b) 0-2
Isfjorden (h) 3-0 Kjersem, Rypdal, Hustad
Kleive (b) 1-0 Kjersem
Hjelset-Fram (h) 7-0 Å Sylte 3, Kjersem 2, Halkjelsvik, Gaustad
Tabell:
Lag K V U T Mål P
Varfjell 18 16 0 2 81- 18 32
Rival 18 - - - 63- 22 29
Isfjorden 18 - - - 72- 22 27
Lyngstad 18 - - - 46- 31 22
Kleive 18 - - - 44- 34 19
Batnfjord 18 - - - 50- 39 18
Måndalen 18 - - - 47- 53 13
Hjelset-Fram 18 - - - 33- 56 12
Vågstranda 18 - - - 24- 74 5
Rekdal 18 - - - 14- 125 3
Opprykk: Varfjell og Rival
Også i 2008 greide Vestnes Varfjell å setje saman ei lang seiersrekke. Då stoppa rekka av trepoengarar etter ni kampar. Frå dette laget har både Tommy Kanishi Andreassen, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Elling Olafsen og Vegard Ellingseter vore med på rekordrekka i år.
Tommy Kanishi Andreassen og Vegard Ellingseter bak til venstre. Elling Olafsen i midten av midtre rekke. Ørjan Tangen nede til venstre. Svein Erik Lange Male fekk også A-kampar dette året, men er ikkje på bildet.
