Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor får ei ekstra utfordring når han skal sette saman laget til kampen mot Sunndal i kveld. Han må nemleg klare seg utan sitt faste midtstopparpar.

Bjørn-Vegard Løvik sparer kreftene til han skal gifte seg laurdag, medan Anders-Jørn Neraas er usikker på grunn av arbeid. I dei to siste kampane har Nirut Mjøs vikariert på midstopparplass. Han spelte saman med Løvik mot Molde 2 og med Neraas mot Rival. Yngve Solevågseide og Alexander Connor er dei andre som har vore innom midtstopparplassen i løpet av sesongen.

Vestnes Varfjell har eit 0-6-tap å hemne frå vårsesongen. Sunndal er serieleiar på betre målforskjell enn Træff. Laget er i ferd med å miste spissen Torgeir Hoås. Den tidlegare Molde- og Sogndal-spelaren er aktuell for både Kongsvinger og Dræbøk/Frogn, skriv Sunndal på sine nettsider. Sunndal har jakta på Surnadal-kaptein Jostein Kvendset i soommar, men han har takka nei til ein overgang. Les meir på Sunndal-sidene >>