Vestnes Varfjell gjekk på stortap 0-9 borte mot Eide fredag kveld. Vestnes Varfjell holdt følge i store deler av første omgang, men vertane gjekk til pause med ei fortent 2-0-leiing. Vestnes Varfjell yppa seg litt i starten av andre omgang, men etter kvart tok Eide fullestendig over. Resten av kampen vart ei oppvising i effektivt angrepspel frå Eide anført av storskårar Stig Roar Søbstad som stoppa på fire mål. Bjørn Egil Botten (2), Paul André Farstad (2) og Nikolay Bruseth var dei andre målskårarane. Eide kontra Varfjell i senk og utnytta gong på gong slurvete forsvarsspel. Dei to siste måla kom på overtid mot eit demotivert Vestnes Varfjell-lag som har for vane å tape stort når måla først renn inn. Moralen i laget er med andre ord veldig svak. Slik det ser ut no blir resten av sesongen ein kamp for å unngå sisteplassen. Med skader, karantener og folk som har reist på studier, var det ein liten tropp som tok turen til Eide. Heller ikkje trenar Knut Øyvind Hoem var med, han fekk ein kamps karantene etter å ha blitt sendt på tribuna etter at han vart bytta ut mot AK sist.

Varfjell sine beste sjansar kom tidleg då Alexander Connor fekk ballen litt for brått på og ikkje fekk avslutta skikkeleg. Amund Stavem var ein gong aleine igjennom, men skaut for tidleg og svakt utanfor. I andre omgang hadde Elling Olafsen sjansen på eit frispark frå god posisjon. Keeper gav retur som Adrian Liabø var først på, men Eide fekk rydda opp. Elling Olafsen hadde også sjansen då han kom aleine igjennom, men det vart ikkje eit trøstemål på dei marineblå. Neste kamp er heime mot Surnadal laurdag.

Laget: Gabrielsen; Tangen (Larsen 78), Lange Male, Ulla, Liabø - Solevågseide, Connor (Mjøs 57), S Nerheim - Larsen (Bredeli 57), Olafsen, Stavem. Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Gult kort til Svein Erik Lange Male. 70 tilskuarar på Eide kunstgras.

Kampen vart dekt via Twitter. Eide-trenar Tor Ingar Storvik oppsummerte kampen slik til Tidens Krav: - Vi slet litt før pausen, men utover i andreomgangen så det ut som om de rett og slett ga opp. Jeg kan ikke huske å ha sett så mye bakrom. Det var varmt og dårlig balltempo før pausen. Men da det løsnet, løsnet det skikkelig. To kjappe mål like før sidebyttet og nok et mål like etter pausen, så ut til å ta all energi fra Vestnes Varfjell. Det raknet fullstendig for dem.