Vestnes Varfjell tok ein sterk og fortent 3-1-seier borte mot topplaget Eidsvåg fredag kveld. Azim Ahmadi, Karl Arne Stokkeland og Magnus Nerheim skåra. Heimelaget tok leiinga på ei kontring og velplassert skot i mål rett etter at Amund Stavem hadde hatt ein store sjanse då han kom seg heilt forbi keeper, men skaut utanfor frå skrått hald med i andre enden. Spelet bølga fram og tilbake i første omgang. Heimelaget farleg på kontringar, Vestnes Varfjell med ballen mest. Ole Gunnar Kjærstad kom nære utlikning då han skaut i tverrliggaren og ned. Så var Stavem frampå igjen, men keeper avverga til corner. Den sette Azim Ahmadi (bildet) lavt, og ballen trilla forbi alle og rett i mål.
Vestnes Varfjell starta friskast etter kvilen, og Ahmadi - som var eit konstant uromoment for Eidsvåg-forsvaret - dribla seg fri og la tilbake til Stavem som skaut over frå fin posisjon. Like etter sat ballen i nota. Yngve Solevågseide la inn til Karl Arne Stokkeland som heada kontant i mål mot gamle lagkameratar. Så hadde Magnus Nerheim ein kjempesjanse då han skaut utanfor frå bakre stolpe. Vestnes Varfjell spelte no fin fotball, mot eit heimelaget som ikkje lukkast med sin spelestil med lange ballar fram på einsleg spiss. Vestnes Varfjell kjempa vidare for eit tredje mål som truleg ville punktere kampen, og det kom 20 minutt før slutt. Yngve Solevågseide si heading vart redda på strek, før Magnus Nerheim sette inn returen.
Eidsvåg prøvde å komme tilbake i kampen, men Vestnes Varfjell kjempa godt og var først på ballen i dei fleste situasjonar. Nærast redusering var heimelaget då Varfjell-målvakt Adrian Gabrielsen redda med ei beinparade. Dette var ein skikkeleg lagseier. Eidsvåg har kjempa i teten heile sesongen, og å vinne 3-1 her var imponerande.

Vestnes Varfjell har att ein bortekamp og tre heimekampar, den neste heime mot Elnesvågen fredag. Helga etter er det bortekamp mot MFK 3. Den utsette kampen mot Åndalsnes onsdag 8. oktober, berre to dagar før serien blir avslutta heime mot serieleiar KFK.
Kampfakta
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 1-3 (1-1)
Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 20. september 2014 kl 18.50
Eidsvåg stadion, kunstgras
Mål:
1-0 (1) Vegard Holte Opstad
1-1 (43) Azim Ahmadi
1-2 (51) Karl Arne Stokkeland
1-3 (71) Magnus Nerheim
Tilskuarar: 35 (4 Vestnes Varfjell)
Dommar: Ole Bjørn Moen, Eide
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad, Ørjan Tangen, Adrian Liabø - Ole Gunnar Kjærstad, Karl Arne Stokkeland, Sivert Nerhim - Azim Ahmadi, Amund Stavem, Magnus Nerheim
Ingen bytter (Jørgen Hovde sto klar til å komme inn på overtid, men dommaren blåste for full tid før bytte skulle gjennomførast)