Vestnes Varfjell slo Frei 3-1 borte i 4. divisjonskampen fredag kveld. Det sto 2-0 til Vestnes Varfjell ved pause på Omsundet kunstgrasbane. Begge skåringane kom ved Elling Olafsen, den første etter eit gjennomspel, det andre eit frispark som gjekk rett i mål. Frei reduserte like etter kvilen, men Magnus Nerheim auka til 3-1 frå kloss hald like etterpå etter forarbeid frå Adrian Liabø. - Ein fult fortent seier, der me skulle ha skåra fleire mål og avgjort kampen tidlegare, seiner Vestnes Varfjell-trenar Knut Øyvind Hoem. Han er godt fornøgd med at laget heva seg etter den svake innsatsen sist. - Det var ein seier som gjer godt for sjølvtilliten i laget. I kveld jobba heile laget godt for kvarandre og me var mykje tryggare i den bakre firaren. Det einaste negative er at me ikkje skårar meir på sjansane me skaper. Neste kamp er mot Dahle heime laurdag om ei veke. Tidens Krav om kampen

Kampfakta:

Frei - Vestnes Varfjell 1-3 (0-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 22. mai 2015 kl 19

Omsundet stadion, 40 tilskuarar

Mål:

0-1 (16) Elling Olafsen

0-2 (26) Olafsen

1-2 (55) Rune Flatsetøy

1-3 (59) Magnus Nerheim

Gult kort: Amund Stavem

Dommar: Ingvild Aarland, Malmefjorden

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ole Håkon Heen Lien, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad, Adrian Liabø (Juan Larsen 82.) - Amund Stavem, Ole-Gunnar Kjærstad (Alexander Connor 90.), Yngve Solevågseide (Svein Erik Lange Male 70.), Magnus Nerheim, Azim Ahmadi - Elling Olafsen