Vestnes Varfjell hadde føringa i periodar av kampen, men tapte til slutt 2-3 mot Norborg i treningskamp på bortebane onsdag. Azim Ahmadi gav laget leiinga på ein retur frå keeper, Amind Stavem utlikna til 2-2 på eit furspark frå 20 meter seint, men Norborg sette inn seiersmålet heilt på slutten. 

- Ein treig start der Norborg hadde eit lite overtak i begynnelsen, før vi hadde ein god periode midt i første omgang. Vi fikk tre til fire overganger som burde ha gitt uttelling før Nordorg utligna. I andre omgang har Norborg eit litt større overtak, utan att dei  skapes så veldig mange store sjanser. Men dei vinn nok fortjent med tanke på at dei styrte og skapte mest i andre omgang. Uansett, no er fokus retta mot serieåpninga mot Sunndal neste fredag, seier trenar Alexander Connor, som avslutta kampen med fire gutespelarar. Håkon Kjørvik spelte heile kampen, mendan Både Jardar Sylte, Knut Stian Eik og Jarle Løvik Salte kom innpå etter pause. Norborg om kampen.

Kampfakta:

Norborg - Vestnes Varfjell 3-2 (1-1)

Treningskamp, Uggedal KGB - 30 tilskuarar
Onsdag 6. april 2016 kl 19
Mål:
0-1 Azim Ahmadi (19)
1-1 Ole-Kristian Aarseth (36)
2-1 Ole-Kristian Aarseth (50)
2-2 Amund Stavem (86)
3-2 Pedro Silva (90)

Ingen kort

Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen: Håkon Kjørvik - Adrian Liabø (Knut Stian Eik 60.) - Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Sivert Nerheim, Magnus  Nerheim (Jardar Sylte 55.), Juan Larsen (Jarle Løvik 45.) - Amund Stavem, Azim Ahmadi, Abo Sesay