Elnesvågen 2 tok den siste plassen i neste års 4. divisjon etter at dei slo Eide 5-1 i siste kvalifiseringskamp. Dermed ser 4. divisjon og 5. divisjon slik ut i 2013:
Surnadal (ned frå 3. divisjon)
Dahle (ned frå 3. divisjon)
Træff 2
Midsund
Vestnes Varfjell
Molde 3
Kvass/Ulvungen
Åndalsnes
Kristiansund FK
Tingvoll
Elnesvågen 2 (opp frå 5. divisjon)
Frei (opp frå 5. divisjon)
Den nye 5. divisjonen blir slik:
Eidsvåg (ned frå 4. divisjon)
Tomrefjord (ned frå 4. divisjon)
Rival (ned frå 4. divisjon)
Eide
Bryn
Malmefjorden/Ekko/Aureosen
Sunndal 2
Clausenengen
Molde 5
Isfjorden
Merk at Surnadal er første lag i køa dersom det skulle bli ein ledig plass i 3. divisjon i Sør-Norge, for eksempel ved at lag slår seg saman. Meir om dette her. Skjer dette vil Eidsvåg få den ledige plassen i 4. divisjon, medan Smøla ligg best an av laga som vart nummer fire i 5. divisjon.
Vestnes Varfjell 2 er mellom laga som blir flytta ned til den nye 6.-divisjonen som vil bestå av 2-3 avdelingar avhengig av kor mange lag som melder seg på. Her ligg det an til nye møter med Måndalen og Fiksdal/Rekdal, samt lag frå Molde-sida. Blir det berre to avdelingar blir det nok litt lengre turar enn i år.