Vestnes Varfjell avvikla sin tradisjonsrike årsfest med julebord på Vestnes fjordhotell laurdag. Her var som vanleg kåring av årets spelarar på A-laget eitt av høgdepunkta. Vegar Skare vart kåra til årets spelar, stemt fram av lagkameratane på A-laget. Skare, som no har meldt overgang til Brattvåg, var ikkje til stades på festen. Ole Gunnar Kjærstad vart heidra for stor sportsleg framgang i år, og fekk prisen "Årets unge spelar". Denne prisen er det trenar og støtteapparat som bestemmer vinnaren av. Elling Olafsen og Tommy Kanishi Andressen delte toppskårarprisen. Begge skåra 14 mål i år. Jarl Sægrov frå Sparebanken Møre delte ut ein sjekk på 10.000 kroner, medan det vanka blomster til mange som har stått på for idrettslaget i løpet av året. Fleire bilde på Twitter.