Tommy Kanishi Andreassen sendte Vestnes Varfjell i føringa etter ti minutt, men Surnadal slo kraftig tilbake og vann heile 8-1 i 4.-divisjonsoppgjeret laurdag. Målet til Kanishi kom etter at eit frispark kom i retur frå muren. Varfjell-kapteinen sette inn sitt 12. mål for sesongen med eit velplassert skot frå 17-18 meter. Surnadal slo kraftig tilbake og spelte ut Varfjell fleire gongar slik at det sto 4-1 ved halv tid i ein kamp som vart flytta frå gras til kunstgras grunna det kraftige regnvêret dei siste dagane. Varfjell hang ikkje med i andre omgang heller og særleg ein periode midtvegs trilla måla inn. Surnadal var flinke til å ta vare på sine kontringar. Etter ein fin start på haustsesongen har det no blitt to stygge tap på rad, og laget må skjerpe seg for å ikkje hamne i nedrykksstriden. Neste kamp er heime mot AK.

Amund Stavem med karantene  og ei rekke andre forfall gav plass til mange unggutar i troppen. Lucas Pedersen Våge fekk sin debut på a-laget.

Kampfakta

Surnadal – Vestnes Varfjell, 8-1 (4-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Amfi Park, kunstgras

Dommar: Arnt Ivar Dake, Elnesvågen

Mål: 0-1 Kanishi (10), 1-1 A. Sæter (20), 2-1 B. Sæter (23), 3-1 Andersen (35), 4-1 A. Sæter (44), 5-1 Andersen (51), 6-1 B. Sæter (58), 7-1 Smevoll (65), 8-1 Talgø/sjølmål (67)

Laget:  Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor (Cedrik Andreassen 46), Male - Ørjan Tangen, Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Eirik Crispim Tomren (Lars Helge Lien 59), Knut Stian Eik (Lucas Pedersen Våge 64, debut), Juan Rikard Larsen (Audun Løkke 75)

Fleire bilde frå kampen under. Klikk for større bilde: (Foto: Christian Nakken)