Det har vore snikra godt i Vestnes idrettspark i det siste. I fjor kunne A-laget ta i bruk nye garderober, og no har dei fått ei solid oppgradering i form av båsar med draktnummer for kvar spelar. Alt er gjort i mørkeblått og kvitt med klubblogoen godt synleg. Arkitektane bak det heile er oppmann Frode Lien og trenar Alexander Connor med litt assistande frå klubbleiar Joar Kirkeslett.

 

SJÅ VIDEO PÅ INSTGRAM SIGNERT LARS HÅVARD HEEN LIEN HER