Vestnes Varfjell spelte uavgjort 2-2 mot Åndalsnes i den utsette kampen mot Åndalsnes i Vestnes idrettspark onsdag kveld. Åndalsnes, som trengte poenga mest, tok leiinga etter 25 minutt ved Markus Brudeset på eit skot frå spiss vinkel som duppa over keeper. Amund Stavem utlikna til 1-1 ti minutt etterpå på eit skot frå 16 meter som sneik seg inn ved første stolpe til tidlegare Varfjell-spelar Lars Håvard Heen Lien i ÅIF-buret. ÅIF tok leiinga då Markus Erlandsen lurte offside-fella i Varfjell-forsvaret like før pause. Gjestana var best før kvilen, medan heimelaget kom sterkare i andre omgang. Utlikninga lot likevel vente på seg, og først tre minutt på overtid sikra Svein Erik Lange Male eitt poeng då han utlikna til 2-2 på straffespark. Innbyttar Elling Olafsen vart skubba ned i skåringsposisjon av Thomas W Pedersen. No gjenstår berre kampen mot KFK fredag, også den på heimebane. Sjå video av alle skåringane i VarfjellTV | Kampfakta | Fleire bilde på Twitter | ÅIF om kampen
Begge lag hadde store sjansar utanom skåringane. ÅIF mellom anna eit skot i stolpekrysset, og Vestnes Varfjell vart hindra av ei kjemperedning frå Heen Lien.
Varfjell-målvakt Adrian Gabrielsen fekk bestemannsprisen.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-2 (1-2)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Onsdag 8. oktober 2014 kl 19
Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar
Mål:
0-1 (25) Markus Brudeset
1-1 (36) Amund Stavem
1-2 (44) Markus H. Erlandsen
2-2 (90+3) Svein Erik Lange Male, straffespark
Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden
Gult kort: Kim Levi Wood, ÅIF (88)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Adrian Liabø (Karl-Edvard Bredeli 72.), Thomas André Brastad, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen - Yngve Solevågseide, Karl Arne Stokkeland (Kevin Gravdehaug 40.), Sivert Nerheim - Magnus Nerheim, Amund Stavem, Azim Ahmadi (Elling Olafsen 72.)