Vestnes Varfjell var i leiinga 2-1 til langt inn i overtida, men då utlikna heimelaget Dahle. Dermed vart det 2-2 og eitt poeng til begge lag. Dermed var det to skuffa lag som gjekk av bana: Vestnes Varfjell fordi dei hadde seieren inne så lenge og Dahle fordi dei trengte seieren mest og fordi dei skapte flest sjansar i løpet kampen. Elling Olafsen og Kalle Bredeli var målskårarar. Stillinga ved pause var 1-1. meir kjem Dahle om kampen | Tidens Krav om kampen
Dahle, med tre nykommarar, var friskast i starten, utan at det vart veldig farlge føre Adrian Gabrielsen i Vestnes Varfjell-målet. Først dei sju siste minutta skjedde det noko. Først drog Elling Olafsen seg fri innanfor 16-meteren og sette ballen forbi keeper til Vestnes Varfjell-leiing. Så utlikna Rune Rovik for heimelaget etter at Vestnes Varfjell-forsvaret ikkje greidde å avklare.
Olafsen, som har vore skada, måtte gje seg etter ein omgang. Likevel kom Vestnes Varfjell ut som det førande laget i starten av andre omgang, og alt etter fem minutt hadde Karld-Edvard Bredeli sett inn 2-1. Skåringa var av det heldige slaget, der Alexander Connor tuppa ballen forbi ein utrusande keeper til Bredeli som dermed sette inn sitt tredje på to kampar.
Dahle kom etter kvart betre med og skapte nokre store sjansar, men heldigvis redda Gabrielsen eller avslutningane gjekk langt utanfor eller over. Nærast 3-1 for Vestnes Varfjell var Amund Stavem som fekk eit skot fista over av Dahle-målvakta.
Då seieren såg ut til å vere sikra, kom utlikninga likevel - på ei kontring etter at Vestnes Varfjell hadde hatt corner. Ballen hamna til slutt inne framom mål der kunne breiside inn 2-2. Begge lag kasta folk fram for sikre seg seieren i minutta som var att, men fleire skåringar vart det ikkje.
Ingen god kamp av nokon av laga, der Vestnes Varfjell spelte mykje langt og etter kvart på det trygge for å halde på leiinga. Midtbanetrioen Sivert Nerheim, Alexander Connor og Yngve Solevågseide la ned mange meter, medan det var godt å ha roen til Nirut Mjøs tilbake i forsvaret. På topp valsa Amund Stavem til tider rundt med Dahle-forsvaret, men vart stoppa i siste liten. Magnus Nerheim gjorde også eit positivt innhopp etter skade.
Træff 2 heime søndag er neste kamp.
Kampfakta:
Dahle - Vestnes Varfjell 2-2 (1-1)
Laurdag 12. september 2015 kl 14
Dahle kunstgresspark, 48 tilskuarar (5 Vestnes Varfjell)
Mål:
0-1 (38) Elling Olafsen
1-1 (41) Rune Rovik
1-2 (50) Karl-Edvard Bredeli
2-2 (90) Frank Talberg
Dommar: Lars Bjørnar Frostad, Fiksdal/Rekdal
Gult kort: Ett til Dahle (90)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Preben Hovde (Adrian Liabø 56.) - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Karl-Edvard Bredeli (Magnus Nerheim 60.), Elling Olafsen (Juan Rikard Larsen 46.), Amund Stavem