Træff har grepet om
kvalikplassen i 3. divisjon etter å ha slått serieleiar
KBK 2 heile 8-0 på Reknesbanen måndag kveld. Laurdag
kjem moldenserane til Vestnes for å spele årets siste
seriekamp. Dette var også siste kamp i runde 21 i
resultattippinga og her vart Siw Brandshaug Melsæther rundevinnar med 24 poeng eitt meir enn Ronald
Brastad. Alle tips. Dag Nakken leiar framleis samanlagt ein runde før slutt. I ein
utsatt kamp i 5. divisjon har Måndalen 2 slått
Bjørset 4-3 på bortebane. Tabell>> I 2. divisjon er MFK 2 framleis
ikkje heilt sikker på ny plass etter tap 0-1 mot Strindheim.
Tabell>>
Træff var mest på hugget gjennom heile kampen mot eit
tafatt KBK 2-lag, ikkje minst på kontringar var
grønbuksene sterke. Resultatet gjer at Sunndal no er ute av
kampen om kvalifiseringsplass for 2. divisjon. Elnesvågen
må håpe at Vestnes Varfjell tar poeng mot Træff
samtidig som dei vinn sin kamp borte mot Sunndal. KBK 2 har
framleis grepet om kretsmeisterskapet, men må slå
Måndalen borte i siste kamp eller håpe på Vestnes
Varfjell-seier.
Her blir det spenning til siste slutt og me gjer som
Træff-speakeren og oppfordrar alle til å ta turen til
Vestnes idrettspark laurdag klokka 15.00.