Avisa Driva presenterer sine lag i 4. divisjon fredag, og har snakka med sentrale personar i Eidsvåg og Kvass/Ulvungen. Begge lag har mål om å kjempe i toppen av årets 4. divisjon. Eidsvåg er styrka etter fjoråret, der laget berga plassen først etter at sesongen var over. - Ein plass i neste års cup er eit realistisk mål, seier trenar Espen Mellemseter. Ein NM-plass betyr at laget må vere mellom dei to beste førstelaga i divisjonen. Kvass/Ulvungen har også forsterka laget og fått ny trenar i Roger Ellevseth. - Slik laget er i dag, reint spelarmessig, er eg av den formeining at vi kan rykke opp, seier Ellevseth.