ImageDet kan bli aktuelt å utarbeide ein privat reguleringsplan for "klubbhustomta" i Vestnes idrettspark. Klubbleiar Kai Magne Stokkeland seier til Bygdebladet laurdag at klubben arbeider vidare med planane om nye klubblokale, der målet er å få med fleire leigetakarar. Politikarane i Vestnes ville ikkje gjere det fem mål store området mellom fotballbana og europavegen til sentrumsareal i sentrumsplana. Det gir problem i forhold til bruken av området.

Idrettslaget vil også ha opna den fjerde arma i rundkøyringa ved Straumen, noko Vegvesenet til no har vore negative til. Torsdag var han i møte med Vestnes næringsforum om saka. Stokkeland seier behovet for nytt klubbhus er stort, i takt med auka aktivitet i idrettsparken.

- Vi har ei attraktiv tomt på minst fem mål, og vi vil no søkje Vestnes kommune om løyve til å utarbeide ein privat reguleringsplan, seier Stokkeland til Bygdebladet, og legg til at klubben ikkje maktar ei storutbygging aleine.

Det er tidlegare utarbeida teikningar av eit bygg med klubblokale, garderober og overbygde tribuner og store utleigeareal. Både ny brannstasjon og kulturhus har vore nemnt som del av eit slikt fleirbrukshus.

- Vi er avhengige av av å få med oss interesserte som for eksempel kan vere leigetakarar. Området er stort og ligg sentralt plassert, seier Stokkeland.

Årsmøtet i Vestnes Varfjell IL har tidlegare løyvd pengar til vidare arbeid med klubbhusplanane.