Rett før påske kom boka som den tidlegare Vestnes Varfjell-spelaren Bernt Hulsker har skrive saman med tidlegare sjef ved Teatret Vårt, Carl Morten Amundsen. "Blå dager, hvite netter" er MFKs bidrag i den såkalte supporterserien. Forfattarane imponerer på kvar sin måte med lesbare historier med fin humrefaktor. Vestnesingar finn også ein dose lokalstoff. Her kan du mellom anna lese om korleis dei to forfattarane fann kvarandre under ei øl på Ridderkroa på Gapskrattfestivalen. Bernt fortel om korleis han som ung gut reiste på kamp til Molde og korleis ein rekdaling styrte fergekøa etterpå. Han mimrar om då Johnny Svensli fall i vassgrava under seriefinalen i 1987 og han fortel om korleis silkeskjorta han kjøpte i Champoins League-kvalik i Moskva gjorde suksess på Gallion. Og broren Arjan blir omtalt som Romsdals beste spiss i 2000.  Du finn boka i bokhandelen eller i supporterbutikken på Aker stadion.